Folkets hus

Sauda kulturhus

Nye Folkets Hus opnar 20. september 2018.

For godt og vel 100 år sidan opplevde Sauda det norske industrieventyret. I eksplosivt tempo blei bygda inst i Boknafjorden forvandla frå bondesamfunn til eit moderne industrisamfunn. Sauda, og dei andre einsidige industristadene som vaks fram i same periode, blei spydspissar inn i det moderne Noreg. Det moderne kom til uttrykk på mange vis; i industrien, arkitekturen, det rike foreiningslivet, mangfaldet av butikkar og kafear, og - ikkje minst - mentalt. Saudabuen fekk ein moderne og urban livsstil og saug til seg moderne tankar, idear og haldningar.

Folkets Hus er teikna av den kjende stavangerarkitekten Gustav Helland og stod ferdig i 1931. Bygningen inngår i ein arkitektonisk og kulturhistorisk heilskap med resten av den spesielle industristad-arkitekturen i Sauda

Nye tider

Folkets Hus blir nå restaurert og rehabilitert. Det får vidare eit tilbygg. Dugnad var viktig då Folkets Hus i si tid blei reist. Dugnadstradisjonen blir ført vidare inn i vår tid i form av folkeaksjar, prosjektleiing og praktisk dugnad i huset. I samråd med vernemyndigheitene skal huset fredast som det første av sitt slag i landet. Dugnadsgruppa har ei eiga facebookside.

Det ideelle AS’et Sauda Folkets Hus AS er ansvarleg for restaurering av Folkets Hus og reising av nybygg, men Sauda kommune ved eining kultur skal stå for drifta.

Folkets Hus med tilbygg skal romma øvingslokale for kulturskule og kulturlivet elles, fleire salar for framsyningar og konferansar, rom for ungdomsaktivitetar, utstillingar, kafé med meir. Resultatet blir ein unik kombinasjon av levande kulturbygg og nasjonalt kulturminne.

Opning 20.-23.september 2018

Saudabuen gler seg stort til å ta huset i bruk, og kultureininga i kommunen er godt i gang med planlegging av opningsarrangement. I pakt med den rike historia til huset er slagordet Folkets Hus – Folkets fest.