Kulturskulen

Så fint at du er interessert i kulturskulen vår!

Her får du vite meir om kva du må gjere og kva du kan lære. Me gler oss til å treffa deg.

Kulturskulen i Sauda er eit tilbod til alle som har lyst til å spele eit instrument, lære kunstfag eller kanskje synge i kor. Me har tilbod for folk i alle aldrar. Under kvart tilbod står det kva alder dette faget er meint for.

Det er sikkert mykje du lurer på om kulturskulen. Her har me prøvd å svare på det viktigaste:

SØK PLASS HER

Du kan søke heile året, men hovudopptaket er 1. mai. Viss det blir fullt er det dei som har søkt før 1. mai som får første prioritet.

SEIE OPP

Plassen din i kulturskulen blir automatisk fornya frå eit skuleår til neste. Du må sjølv seia opp plassen din når du ikkje vil ha den lenger. Du sender skriftleg oppseiing same plassen som du søker, eller til rektor på eli-jorun.tangeraas@sauda.kommune.no, innan 1. mai for haustsemester og 1. desember for vårsemester.

NÅR ER KULTURSKULEN?

Me inviterer elevar og føresette til møte ved skulestart. Her får alle informasjon og lærarane kan ilag med elevar og føresette fastsetje timeplan som me gjer vårt beste til å tilpasse eleven sine ønskje. Dette gjeld spesielt dei med individuelle timar, men me prøver og å tilpasse gruppeundervisninga slik at så mange som råd har høve til å delta. Eit par gonger i løpet av eit skuleår løyser me opp skuleplanen og erstattar den me prosjekt.

I tillegg til undervisningstid er det bra å bruka tid heime på å øva. Då får du best utbytte av kulturskulen!

KVA KOSTAR DET?

- Her finn du betalingssatsar for kulturskulen.

- Me har søskenmoderasjon i kulturskulen.

- Lærarane hjelper til med råd/tips om innkjøp til alle elevar som treng det

- Kulturskulen har fiolin, gitar og keyboard som du kan leige. Det kostar 250 kroner per halvår.

KORLEIS SØKER EG?

Her finn du lenke til søknadsskjema og instruksar for søk.

KVA TILBOD HAR DE?

Du finn alt om kva me kan tilby under ”Fag i kulturskulen” i menyen.

FACEBOOK

Me har det kjekt i kulturskulen i Sauda! Me er aktive og syner godt igjen. Har du lyst til å sjå meir om det me held på med, bør du absolutt følga oss på Facebook. Fleire av fagtilboda har dessutan eigne lukka grupper på Facebook.

VEDTEKTER OG RAMMEPLAN

Vedtekter for kulturskulen i Sauda.

Rammeplan for kulturskolen

Er det noko meir du lurer på nå? Sjekk ut dei andre fanene i menyen vår. Finn du fortsatt ikkje svar på det du lurer på, kan du kontakta rektor Eli-Jorun Tangeraas på epost eli-jorun.tangeraas@sauda.kommune.no.