Om Sauda kino

Sauda kino har vore i drift sidan 1940. Kinoen ligg i Kyrkjegata 19 og er ein del av rådhuset i Sauda.

Kinosalen har 199 stolar og kan i tillegg til filmframvising leigast for å halda foredrag og framsyningar

BILLETTAR:

Billettar kan kjøpast i kinoen si billettluke, på biblioteket eller her på saudakino.no. Du betalar ikkje lenger gebyr for å kjøpa kinobillettar på nett. E-billetten blir sendt til e-posten din. Du kan du opna billetten direkte på smarttelefonen din og visa den i døra, eller du kan skriva den ut heime.

KIOSK:

I foajeen finn du kiosk med sal av popcorn, mineralvatn og diverse godteri.

RULLESTOL:

Salen kan nyttast av rullestolbrukarar.

LEDSAGERBEVIS:

Kinoen aksepterer ledsager mot at du viser ledsagerbevis i billettluka.

FACEBOOK:

Følg oss på Facebook!