Søk plass i kulturskulen

Kulturskulekor

Når du søker plass i kulturskulen i Sauda, bruker du vårt elektroniske søknadsskjema. Velkommen til oss!

SØK PLASS HER

Du kan søke heile året, men hovudopptaket er 1. mai. Viss det blir fullt, er det dei som har søkt før 1. mai som får første prioritet.

SEIE OPP

Plassen din i kulturskulen blir automatisk fornya frå eit skuleår til neste. Du må sjølv seia opp plassen din når du ikkje vil ha den lenger. Du sender skriftleg oppseiing same plassen som du søker, eller til rektor på eli-jorun.tangeraas@sauda.kommune.no, innan 1. mai for haustsemester og 1. desember for vårsemester.

I vedtektene våre står det at -Elevavgifta skal betalast for heile semesteret sjølv om elevens sluttar eller startar i løpet av semesteret. Derfor er det viktig at det blir sendt beskjed i tide dersom eleven skal slutte.