Fag i kulturskulen

KULTURSKULEBANDET

Her finn du faga våre. Håper du finn noko som freistar!

Kulturskulen i Sauda har desse tilboda:

INSTRUMENTALOPPLÆRING

Alle som melder seg på individuell instrumentalopplæring har 45. min undervisning kvar veke. Dersom eleven er svært ung eller det blir vanskelig å konsentere seg så lenge, kan lærar og føresette bli enige om kortare undervisningstid. I Sauda kan ein melde seg på til individuell opplæring i fiolin, gitar, bass, keyboard, messing, song, trekkspel, toradar, tromme/slagverk og piano.

ALDER: Fiolin (fra 5 år), gitar (4.kl), keyboard (1.kl), messing (4.kl), song (4.kl), trekkspel (4.kl), toradar (3.kl), tromme/slagverk (4.kl), bass-gitar (4.kl.) og piano (1.kl).

STAD: I kulturskulen på Folkets hus.

Me har to kor:

Det er Kulturskulekoret, som har medlemmer frå 2. til 5. trinn og Korelia, som har medlemmer frå 6. til 10. trinn.

Me har og to band:

Eit for 5.-7.trinn og eit for elevar på ungdomsskulen og vidaregåande skule.

Begge banda øver i band-rommet på Folkets hus.

MUSIKK FRÅ LIVETS BEGYNNING

Undervisninga går føre seg i nyesalen på føremiddagstid. Der samlast babyar og føresette til leik, song og rytmikk éin time i veka.

ALDER: Frå 0 år

STAD: Nyesalen på Folkets hus

TID: 45 minutt i veka.

MUSIKKSTUND

Sauda Kulturskule tilbyr musikkgruppe eller individuelll time for personar med særskilde behov. Me legg vekt på den enkelte sine ressursar og finn fram songar me kan synge og spele saman. Rytmeinstrumenter, song og bevegelse er noko av det me gjer. Målet er å skape gode stunder saman.

STAD: I kulturskulen på Folkets hus, desentralisert på skule, aktivitetssenter og omsorgsbolig.

KUNST

Elevane som arbeider med kunstfag lærer seg ulike teknikkar etter alder og nivå. Dei har utstillingar fleire gonger i året. Elevane er delte opp i tre grupper.

ALDER: Frå 2. klasse

STAD: Lillesalen på Folkets hus.

TID: 60 minutt i veka.