VAMP

VAMP-1_thumb.jpg

I fjor haust heldt Vamp ein forrykande konsert som mange snakka om i lange tider, og dei i Vamp skrøytte av Sauda-publikummet, og sa dei gjerne ville komma tilbake. Til hausten kjem dei og i bagasjen har dei både gamle gode klassikarar og nye songer frå albumet Brev, som dei utgir til hausten. 

Vamp tilhøyrer eliten av norsk musikkliv. Dei har utvikla eit spesielt uttrykk i møtet mellom musikk og lyrikk som treff den norske folkesjela. Som vêret på vestlandet er dei fulle av kontrastar, frå det voldsomme og dramatiske til det lune og inderliege. Gjennom 26 år har dei spiet inn  14 album og  hausta mykje heder og ære. Dei har selt over 1 million plater og har blant anna mottatt 5 Spellemannprisar og Prøysenprisen . Katalogen er full av kjende og kjære songar som dei ausar av på konsertane sine, og i tillegg får me også høyra nokre nye songar frå det kommande albumet, ”Brev” som utgis hausten 2019.

Vamp består av:

Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspel

Toft: vokal, gitar                                                                                                                                    

Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspel                                                       

Stian Tønnesen: gitarer, mandolin, tenorbanjo, kor                                                                                                           

Kjetil Dalland: bass, kor                                                                                                                                                                

Lars-Erik Støle: orgel , trekkspel, kor