Jazzkonsert, Håvard Ersland Trio

Håvard.Ersland.Trio.01.high.res-Copyright.Jan.Tore.Eriksen.jpg

Ung pianotrio med fokus på tett samspel og sterke komposisjonar

Håvard Ersland Trio er ein ung pianotrio som består av tre lyttande, kreative og søkjande musikarar som saman skaper ei spennande og lyrisk verd. Det er høg kvalitet på låtmateriellet med lekre detaljar og eit stort musikalsk overskot. Medlemmene i trioen er alle aktive musikarar som har kjent kvarandre lenge og som har opparbeidd seg eit unikt uttrykk.

Håvard Ersland frå Imsland vann i 2019 Equinor sin sildajazzpris, og nå har han fått med seg to av dei mest spennande musikarane i landet for å setja komposisjonane sine ut i livet. Stian Andersen, kjend frå band  som Baker Hansen og Lassen er med på kontrabass og Axel Skalstad, kjend frå banda Krokfant og Wizard er med på trommer.