Konsert, Halvdan Sivertsen med band

96-Nk3Dg.jpg

En hyllest til livet, kjærligheten og saftig nordnorsk humor!

Halvdan Sivertsen starta  2020 med å fylla 70 år! Dette ble feira med brask og bram i Oslo Spektrum med 7000 publikummarar, KORK og eit utval av Norges fremste artistar. Halvdan skulle fortsette jubilumsåret med bursdagskonsertar og til Sauda skulle han komma i november, men slik gjekk det, som me alle veit, ikkje.

Heldigvis blir turneen sett opp på nytt, og nå er det bestemt:  Halvdan og bandet hans kjem til Sauda søndag 28. november.

Då skal me feira hans 71 -årsdag og hans mangfaldige karriere, med same entusiasme som me var klare for i 2020!

Karrieren til Halvdan spenner over meir enn 50 år, frå den spede starten i Bodøs pop- og rockmiljø på 60 -talet, via visebølga på 70-talet, til å bli ein av landets mest populære artistar dei siste 30 åra. Og i 2020 blei han innlemma i Rockheim Hall of Fame for sitt bidrag til den norske populærmusikken.

I tillegg til å gi ut ei rekkje prisbelønna  album og vera ein fjerdedel av tidenes største norske supergruppe, gitarkameratene, har musikken til Halvdan blitt brukt i både film og teater. Dessutan vil Halvdan, for ein heil generasjon, alltid bli hugsa som "far" til Labbetuss.

Halvdan Sivertsen er eit av dei varmaste og morsomste menneska i norsk offentlegheit, og etter eit halvt århundre som artist har han fortsatt mykje på hjarta. Han er framleis opptatt av den stakkars kloden vår, og brenn for kjærleiken, vennskap og dei som treng oss.

Me garanterer ein kveld med hits og klassiske låtar, med kort veg mellom ellevill gapskratt og det djupaste alvor. Med skkråblikk på oss sjølv, samfunnet rundt oss og tida me lever i, og sjølvsagt med dei mjuke balladane og dei fengande refrenga ein Halvdan Sivertsen-konsert alltid byr på.

Ver med å feira ein heidersmann!